Velkommen!

1. desember 2025 opnar vi for å søke om plass for skuleåret 2026/2027

Velkommen til Tresfjord EnSpire skule!

Praktisk info

Skuledagen

Skuledagen startar kl 09:00 og varer til 14:00 for alle elevar uansett trinn. Vi legg opp til mykje variert undervisning som innebér aktivitetar både inne og ute.

Foreldrebetaling, skule

Per no er betalinga på kr 450 per månad (september-juni) for eitt barn (kr 300 for barn nr. 2, kr 150 for barn nr. 3 og gratis for barn nr. 4 og vidare) i tillegg til ei eingongs innmeldingsavgift på kr 500.

Vi bruker foreldrebetalinga til mellom anna å tilby gratis frukt og melk til elevane kvar dag.

Leksebevisst skule

Tresfjord EnSpire skule er ein leksebevisst* privat 1-7-grunnskule som skal følgje læreplanen for EnSpireskular. Les meir om EnSpire her.

SFO

Skuleåret 2025-2026 er SFO 07:00-09:00 og 14:00-16:30, og samt 07:30-16:30 på skulestengde dagar. Ein kan kjøpe enkeltdagar og enkelte bolkar (morgon/ettermiddag) slik at SFO blir mest mogleg tilpassa kvar enkelt heim sitt behov. Vi tilbyr 12 timar gratis SFO per veke for 1.-2. trinn. Frå hausten av vil dette også gjelde for 3. trinn dersom dette blir innført i den offentlege skulen.

Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med oss via post@tresfjordenspire.no eller å komme innom Neremsvegen 43 i Tresfjord.

*Vedr. leksebevisst skule: Lærarane gir tips til heimearbeid som er tilpassa elevgruppa og eleven, og eleven blir av læraren oppfordra til å gjere heimearbeidet. Heimearbeidet blir derimot ikkje sjekka på skulen i etterkant og det er difor opp til kvar heim om ein ønsker at elevane skal gjere heimearbeidet og når det passar best for kvar heim å utføre det.

FØLG MED PÅ

Instagram

Ønsker du å gi ei gåve til skulen?

VIPPS til 796286

Ta gjerne kontakt på post@tresfjordenspire.no.